Draumeflyktning vs asylmareritt

Kva er forskjellen på å vere flyktning og asylsøkar i Norge?

Eit liv verd å leve og eit liv sett på vent.

BAKGRUNN
Journalist Tove Elise Thue Dale lurte på om folk veit kva det vil seie å kome til Norge som asylsøkar versus kvoteflyktning? Veit folk at korleis du kjem hit gjer ein enorm skilnad?

MÅL
Thue Dale ville fortelje to historier attmed kvarandre for å vise lesarane kva som er skilnaden. At to ganske like familiar frå Syria lev to vidt forskjellige liv – nesten som naboar i Ålesund – berre på grunn av kva side av fluktlotteriet dei havna på.

KORLEIS GJORDE VI DET
Vi intervjua to familiar i Ålesund, familien til Fahkruddin Hasan – flyktningane (til venstre) og familien til Wael Hassan – asylsøkarane (til høgre).

Screen Shot 2016-02-10 at 11.39.36.png
Dei to historiene er krydra med vakre bilder og private foto frå albumar. Vi la inn illustrasjonar for å vise mellom anna fluktruter, og laga til og med ein animasjonsfilm for å fortelje ei svært kompilsert historie på enklast mogleg vis. Historiene vart publisert på nett (og i papir) den 27. juni 2015.

Screen Shot 2016-02-10 at 11.39.50TEKNISK
Vi valgte å lage to nettsider, ei for kvar historie – og knyte dei saman med ei intro-side. Vi nytta verktøyet Shorthand som rammeverk, og koda i tillegg manuelt i html5. Visualiseringane er laga i Adobe Illustrator, og animasjonsfilmen er laga i Adobe Edge Animate

 
MOTTAKING
Nettsaka fekk over 7.000 klikk og vi har målt om lag 400 sosiale medie-aktivitetar (likt, delt, kommentert). Historia om Asylsøkarane vart fulgt opp i etterkant fordi dottera, Mahasan var førespegla å måtte slutte på skulen då ho fylte 17.

Politiske endringar gjorde at Mahasen fekk halde fram på skulen, og i desember 2015 vart familien innvilga opphald i Norge, etter sju lange år på vent.

Statistikken syner at folk har lest den jamt på mobil og desktop, noko som fortel oss at det går fint an å lese lange, kompliserte historier på mobil.

Screen Shot 2016-02-10 at 11.35.44.png

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s