Fjellet som trugar

Den dagen fjellsida Åkerneset rasar ut vil ein tsunami på 
100 meter rase innover fjordane og øydelegge alt på sin veg. Dette er ei velkjent sak for mange sunnmøringar. Men då filmen “Bølgen” kom på kino i sommar vart folkeopplysning, innsikt og avdramatisering høgst naudsynt. Og det klarte vi med prosjektet “Fjellet som trugar”.

Screen Shot 2016-02-10 at 11.48.12

BAKGRUNN
Nordvestlandet er eit område med mange høge fjell og djupe fjordar – og med stor rasfare. Og rasulykker har krevd menneskeliv før, for eksempel i Tafjordulykka i 1934 der 40 personar omkom.

I dag er det særlig tre fjell geologane meinar er i fare for å rase ut i fjorden, og av desse er Åkerneset det mest omtala fjellet. Sidan 1960-talet har Åkerneset vore ein gjengangar i spaltene til Sunnmørsposten. Men aldri før har vi lagt så mykje arbeid i å samle alt vi veit – og ikkje veit – om Åkerneset som då dette prosjektet vart skapt.

MÅL
Vi ville med dette prosjektet fortelje publikum kva som egentlig kjem til å skje når fjellet rasar, kva som vert gjort for å overvake fjellet, og korleis samfunnet skal sikrast før, under og etter ei rasulykke som kjem til å komme før eller seinare. Raset kan komme neste månad, eller om 500 år. Saka var aktuell på grunn av Åkneskonferansen som samla ekspertise frå stat, fylke, kommune og geologar som jobbar dagleg med trygginga av rasfarlege fjell i nordvest. Katastrofefilmen “Bølgen” som dramatiserer ei historie rundt Åkernesfjellet hadde premiere i slutten av august, desto større grunn for å gje folk rett informasjon.

Vi planla ein omfattande reportasjeserie i seks delar, samt ei spesialnettsak som gav lesaren ytterligare informasjon om saka – og som gjennom lekker presentasjon gjorde stoffet lett tilgjengelig og lett å forstå for lesaren.

I tillegg vart det skrive saker om filmen “Bølgen” og om politiske utspel om sikringa av fjellet, som var direkte relatert til temaet. Sjå vedlagt PDF-fil for alle papir-reportasjer.

Alt vart publisert i løpet av to augustveker i 2015.

GJENNOMFØRING
Vi samarbeida med geologane som overvakar fjellet, tok med han som varsla om fjellet for over 30 år sidan tilbake til Åkerneset med helikopter, intervjua dei som har ansvaret for trygging av folk og samfunnet. Vi snakka med dei som bur under fjella med ein evig trussel hengande over seg, såg tilbake i tid og framover på korleis ein slik trussel påverkar samfunnet.

Vi brukte mykje tid på å visuelt presentere stoffet så nøyaktig som mogleg så folk ikkje skal stå att med ubesvarte spørsmål etter å ha lest saka.

Vi gav folk tilgang på kart (produsert av fylkesmannens beredskapskontor) der publikum sjølv kan sjekke om og korleis deira hus vert råka av bølga og evakuering. Vi visualiserte i bilder kvar bølga vil treffe, og laga detaljerte infografikkar over korleis fjellet er overvaka.

TEKNIKK
Vi brukte verktøyet Shorthand som rammeverk til spesialnettsaka. Delar av sida er koda i etterkant. Visualiseringane er laga i Adobe Illustrator og Photoshop, og tidslinja i botnen av sida er laga i verktøyet Timline.js.

MOTTAKING
Saka vart svært godt mottatt av publikum. Vi fekk mange tilbakemeldingar som for eksempel “Denne saka burde vore standard i skuleverket” (muntleg), “Prima journalistikk” (Twitter) og liknande.

Sida og sakene har hatt ca 50.000 treff med lesetid på hovedsaka på over 4,5 minutt. Sida vart likt, kommentert og delt over 2.000 gongar i sosiale medier. Statistikken viser at folk har lest saka like mykje på mobil som på desktop, og at hovedkjelda for trafikken kom frå vår eiga nettside, smp.no.

LENKER
Spesial: bit.ly/fjelletsomtrugar

Den Sunnmørske Namnegeneratoren

Kan eit snodig, sunnmørsk namnefenomen bli ein viral hit? Ja!

BAKGRUNN
Journalist Maria Mostrøm Gulbrandsen funderte over kvifor så mange sunnmørsnamn er så urytmiske og «bakvendt» samanlikna med ellers i Norge. Til dømes kan ein gut på sunnmøre lett bli døypt Arne-Tor i staden for Tor-Arne. Eit dykk i dette snodige fenomenet vart starten på eit lite, viralt eventyr for Sunnmørsposten.

GJENNOMFØRING
Sak vart skrive, folk med rare namn ville stå fram, forskarar svara etter beste evne, men vi ville gjere noko meir. Ein ekstraservice for lesarane som kunne verkeleg gjere rare, morosame namn relevant og interessant for alle. Ideen vart skapt: kva om vi kan dele ut sunnmørsnamn til alle som vil ha? Ein robot som kan generere sunnmørsvri på ditt eige namn? Ja, kvifor ikkje?

TEKNIKK
Med ein del riving i håret klarte kode-nybegynner Liv-Jorunn å knote ned nokre linjer med php og javascript som skulle i prinsippet gjere følgande: Du landar på ei nettside som ber deg fortelje om du er gut eller taus, og så taste inn ditt eige namn, til dømes Kristine. Så vil roboten leite gjennom ei rekke foreslåtte attåt-namn og tilfeldig velje ut eit som ikkje passar. Og plassere det bakerst, med bindestrek. Til dømes Kristine-Eli. Om du er gut kan til dømes Artur bli Artur-Pål. Men kva om folk har dobbeltnamn frå før? Da måtte koden skjønne dette, og fjerne det pene dobbeltanmnet, og erstatte det med noko mindre passande. Til dømes, heiter du Maria Terese kan du heller bli Maria-Gry. Mykje bedre! Kan hende folk likte det nye namnet sitt veldig godt? Og for å strekke seg enda litt lengre la vi med ei lenke som fører deg til folkeregisteret der du enkelt kan bytte namn. Det skal også nemnast at kode-ninja Dag Arne måtte på bana for å få alle puslebrikkene til å snakke saman og for å få alt til å fungere slik vi hadde tenkt.

MOTTAKING
Likte folk dette da? Absolutt! Hysterisk morsomt, skreiv folk i sosiale medier. I løpet av to dagar genererte vår lille robot over 120.000 namn! Folk fekk namn som dei delte, kommenterte og likte nærare 1.000 gongar på facebook og twitter. Ganske lamslåtte satt vi tilbake og måtte le med lesarane, dette var blink! Ein kikk i tala viser oss at folk i Oslo var mest interessert i dette, deretter folk i Ålesund, frå dei største byane i Norge, deretter det ganske sunnmørske omlandet. Men det satt og folk i nabolanda, i Europa og store delar av verda og klikka seg inn på vår vesle robot som genererte namn i hytt og pine til alle som ville ha.

LENKER
Nyfiken på kva ditt sunnmørsnamn er? Prøv sjølv her: http://bit.ly/namnegeneratoren
Og les Maria si glitrande sak om sunnmørsnamna her:

FOLKA BAK PROSJEKTET:
Journalist: Maria Mostrøm Gulbrandsen
Design/programmering: Liv-Jorunn Håker Ottesen
Programmering: Dag Arne Alnes

Screen Shot 2016-02-10 at 11.44.20.png