Fjellet som trugar

Den dagen fjellsida Åkerneset rasar ut vil ein tsunami på 
100 meter rase innover fjordane og øydelegge alt på sin veg. Dette er ei velkjent sak for mange sunnmøringar. Men då filmen “Bølgen” kom på kino i sommar vart folkeopplysning, innsikt og avdramatisering høgst naudsynt. Og det klarte vi med prosjektet “Fjellet som trugar”.

Screen Shot 2016-02-10 at 11.48.12

BAKGRUNN
Nordvestlandet er eit område med mange høge fjell og djupe fjordar – og med stor rasfare. Og rasulykker har krevd menneskeliv før, for eksempel i Tafjordulykka i 1934 der 40 personar omkom.

I dag er det særlig tre fjell geologane meinar er i fare for å rase ut i fjorden, og av desse er Åkerneset det mest omtala fjellet. Sidan 1960-talet har Åkerneset vore ein gjengangar i spaltene til Sunnmørsposten. Men aldri før har vi lagt så mykje arbeid i å samle alt vi veit – og ikkje veit – om Åkerneset som då dette prosjektet vart skapt.

MÅL
Vi ville med dette prosjektet fortelje publikum kva som egentlig kjem til å skje når fjellet rasar, kva som vert gjort for å overvake fjellet, og korleis samfunnet skal sikrast før, under og etter ei rasulykke som kjem til å komme før eller seinare. Raset kan komme neste månad, eller om 500 år. Saka var aktuell på grunn av Åkneskonferansen som samla ekspertise frå stat, fylke, kommune og geologar som jobbar dagleg med trygginga av rasfarlege fjell i nordvest. Katastrofefilmen “Bølgen” som dramatiserer ei historie rundt Åkernesfjellet hadde premiere i slutten av august, desto større grunn for å gje folk rett informasjon.

Vi planla ein omfattande reportasjeserie i seks delar, samt ei spesialnettsak som gav lesaren ytterligare informasjon om saka – og som gjennom lekker presentasjon gjorde stoffet lett tilgjengelig og lett å forstå for lesaren.

I tillegg vart det skrive saker om filmen “Bølgen” og om politiske utspel om sikringa av fjellet, som var direkte relatert til temaet. Sjå vedlagt PDF-fil for alle papir-reportasjer.

Alt vart publisert i løpet av to augustveker i 2015.

GJENNOMFØRING
Vi samarbeida med geologane som overvakar fjellet, tok med han som varsla om fjellet for over 30 år sidan tilbake til Åkerneset med helikopter, intervjua dei som har ansvaret for trygging av folk og samfunnet. Vi snakka med dei som bur under fjella med ein evig trussel hengande over seg, såg tilbake i tid og framover på korleis ein slik trussel påverkar samfunnet.

Vi brukte mykje tid på å visuelt presentere stoffet så nøyaktig som mogleg så folk ikkje skal stå att med ubesvarte spørsmål etter å ha lest saka.

Vi gav folk tilgang på kart (produsert av fylkesmannens beredskapskontor) der publikum sjølv kan sjekke om og korleis deira hus vert råka av bølga og evakuering. Vi visualiserte i bilder kvar bølga vil treffe, og laga detaljerte infografikkar over korleis fjellet er overvaka.

TEKNIKK
Vi brukte verktøyet Shorthand som rammeverk til spesialnettsaka. Delar av sida er koda i etterkant. Visualiseringane er laga i Adobe Illustrator og Photoshop, og tidslinja i botnen av sida er laga i verktøyet Timline.js.

MOTTAKING
Saka vart svært godt mottatt av publikum. Vi fekk mange tilbakemeldingar som for eksempel “Denne saka burde vore standard i skuleverket” (muntleg), “Prima journalistikk” (Twitter) og liknande.

Sida og sakene har hatt ca 50.000 treff med lesetid på hovedsaka på over 4,5 minutt. Sida vart likt, kommentert og delt over 2.000 gongar i sosiale medier. Statistikken viser at folk har lest saka like mykje på mobil som på desktop, og at hovedkjelda for trafikken kom frå vår eiga nettside, smp.no.

LENKER
Spesial: bit.ly/fjelletsomtrugar

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s